Noreg har låg smitte frå villfugl til fjørfe. Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Villfugl har fugleinfluensa over store delar av landet

Veterinærinstituttet rapporterer at det i 2025 blei påvist mykje fugleinfluensa hos villfuglar i Noreg, men berre eitt utbrot hos fjørfe.

Publisert

Overvakinga er gjort saman med Mattilsynet og viser likevel låg smitte til tamfugl og få utbrot i næringa, skriv Veterinærinstituttet i ei pressemelding.

I alt blei virus påvist i 161 av 880 undersøkte villfuglar, og 77 av desse hadde høgpatogen fugleinfluensa. Smitte blei funnen hos 18 ulike fugleartar, særleg andefuglar, rovfuglar og sjøfuglar. Fleire tilfelle blei også oppdaga hos tilsynelatande friske fuglar, noko som tyder på at viruset kan sirkulere utan store synlege utbrot.

– Vi tolkar den låge førekomsten hos fjørfe her til lands som eit teikn på at norsk fjørfenæring tek biosikkerheit på alvor, seier Silje Granstad, fagansvarleg for fjørfe ved Veterinærinstituttet.

Viruset blei påvist hos seks ville pattedyr, mellom anna fjellrev og raudrev, noko som viser at smitten kan spreie seg vidare frå fuglar til andre dyreartar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS