Kaffien er viktig for mange nordmenn, men om prisen hadde vore den same som på Roasters Specialty Coffee House i Dubai er det ikkje sikkert nordmenn hadde vore like kaffitørste.

Ville du betalt to dagslønner for ein kopp kaffi?

Kaffiprisane i Noreg har gått opp den siste tida, men framleis er prisen i Noreg som eit røvarkjøp å rekne samanlikna med det ein no må ut med i Dubai.

Publisert

Roasters Specialty Coffee House i Dubai tek no nemleg 680 amerikanske dollar – om lag 6800 norske kroner, for ein kopp, skriv NRK.

Kaffikopp-prisen har no fått plass i Guinness rekordbok.

Kaffien er ein handbrygga V60-filterkaffi, laga av Geisha-kaffi av Hacienda La Esmeralda i Panama, ifølge Guinness rekordbok. (©NPK)

Powered by Labrador CMS