Vil stogge nedbyggingsforslag

Publisert Sist oppdatert

Allereie på første debatt i det nye Stortinget løftar Senterpartiet forslag om at regjeringa må gripe inn og stoppe nedbyggingsforslaga ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal.

– Sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal må byggast opp, ikkje ned. Difor tar vi i Senterpartiet kampen for å stoppe nedleggingsforslaga til Stortinget. Det er uakseptabelt at nødvendige investeringar ein stad skal føre til reduksjon i tilbodet ein annan stad. Difor fremjar vi og forslag om å endre finansieringsmodellen for sjukehusa. Det vil fjerne hovuddelen av det som no er innsparingskravet Helse Førde har på seg, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, i ei pressemelding.

– Eg meiner at det som blir føreslått av styret i Helse Førde ikkje kan aksepterast. Det vil innebere ei stor svekking av sjukehustilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid. Det er ingen grunn for at Stortinget skal sitje stille og sjå på at det blir gjort nye utgreiingsrundar med mål om store kutt i tenestene. Forslaga bør stoppast no. Når Arbeiderpartiet seier dei vi skal ha verdas beste helseteneste, bør ein starte med å stoppe å kutte i den tenesta ein har i Sogn og Fjordane. Det gjeld òg barselstilbodet, som i ein nyleg nasjonal rapport fekk dårlege tilbakemeldingar frå kvinner. Då er det meiningslaust å kutte i det gode barselstilbodet ein trass alt har utvikla i Lærdal og på Eid, og som fleire sjukehus bør opprette i staden for å legge desse ned, seier leiar i helsekomiteen, Kjersti Toppe.

Toppe og Sande håpar å få stortingsfleirtalet med på allereie no å be regjeringa gripe inn.

– Det er fleire parti som har uttala at dei er samde med oss i dette. Så dette er ein open invitasjon til dei andre partia om å setje ned foten for nedbygging av helsetilbodet i Sogn og Fjordane, seier Toppe.

– Arbeidarparti-regjeringa kan gripe inn og stoppa desse forslaga – noko det er ille at dei ikkje har gjort. Eit slikt forslag vil plukke ifrå kvarandre det som berre for få år sidan vart kalla framtida sitt lokalsjukehus. Senterpartiet kjem til å kjempe vidare for eit godt sjukehustilbod. Vi treng alle gode krefter med oss i kampen, understrekar Sande.

Powered by Labrador CMS