Morafta er eit populært toppturmål, og sesongen har vorte stadig lengre. Foto: Nordfjord folkehøgskule.

Vil rydde veg for ei finare nedkøyring frå Morafta

Mindre busk og kratt skal gi ein kjekkare tur ned frå det populære toppturfjellet på Sørstranda.

– Det skal veldig lite til før det blir veldig mykje betre for nedkøyring, seier Paul-Rune Daviknes.

På dryge 1100 meter ligg Morafta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sørstrandsfjellet er eit populært toppturmål, men småskog, busk og kratt kan gjere nedkøyringa kronglete i delar av skogen og ned mot Ryggjastøylen.

No har Daviknes og skimiljøet i Gloppen teke initiativ til å få rydda ein betre trasé her, og grunneigarane på Rygg og Grov har gitt grønt lys.

– Vi syntest initiativet var positivt, og ønskjer å vere med på det, seier grunneigar Odd Lothe.

Inviterer til dugnad

Alt laurdag 26. august kan dei som ønskjer å bidra, stille til ryddedugnad på Ryggjastøylen.

Første delen av turen mot Morafta går på ein privat skogsveg som gradvis har grodd att frå sidene.

Under dugnaden skal det ryddast langs skogsvegen.

I tillegg skal det også lagast ein trasé frå eit område litt ovanfor, kalla «Myrane» (nedste del på 425 moh.) og ned mot Ryggjastøylen (317 moh.).

– Traseen skal gå litt som den gjorde før i tida, fortel Lothe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil ta vekk større tre og buskas, så det blir ein meir spennande og kjekk trasé å renne ned til stølen, legg han til.

– Vil ein leggje til rette for dei som alt bruker fjellet, eller ønskjer ein òg at fleire får auga opp for Morafta?

– Det er kjekt om fleire kan bruke det, ved å merke litt og få lettare nedkomst, seier grunneigar Eirik Alf Rygg.

Han legg til at ryddinga vil gjere turen enklare for dei som ikkje er kjende i området frå før.

Grunneigarar på Rygg og Grov og skimiljøet i Gloppen samarbeider om ryddeprosjektet. F.v. grunneigarane Eirik Alf Rygg og Odd Lothe, Per Momrak frå Nordfjord folkehøgskule, og Vegard Vilnes Lilleheil og Paul-Rune Daviknes frå skimiljøet.

– Ein flaskehals

Skituren til Morafta har alltid vore populær, men dei seinare åra har bruken endra seg, fortel Lothe.

Sesongen har vorte lengre, og fleire finn gjerne fram hovudlykta for å kunne ta toppturen på kveldstid. At vegen til Ryggjastøylen no blir brøyta heile vinteren, spelar også inn.

Vegard Vilnes Lilleheil fekk auga opp for Morafta etter at han flytta til Gloppen for eit par år tilbake. Før budde han i Sogndal og brukte skiområdet Hodkleve mykje, der slik rydding har vore vanleg.

Lilleheil trur ryddejobben mot Morafta vil gi ei kjekkare nedkøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein flaskehals ned til parkeringsplassen, så å få opna der, kan bli fint, seier han.

Elevar og tilsette ved Nordfjord folkehøgskule bruker også fjellet hyppig.

Friluftslærar Per Momrak peiker på at snøen legg seg lettare der det er rydda. Ved å opne opp, får ein raskare ein sole som er fin å renne på.

– Dette opnar sesongen, ein kan starte før og drive på lengre, seier han.

Slik ser ein føre seg at det kan ryddast trasé mot Morafta.

Kan vere aktuelt andre stader

Så vidt initiativtakarane kjenner til, har det ikkje vore gjort noko liknande på andre toppturfjell i Gloppen før.

Dersom prosjektet blir vellukka, kan det opne for også å sjå på andre stader, seier Paul-Rune Daviknes.

Han nemner at same utfordringar gjeld til dømes rundt Rausetstøylen og i terrenget mot Traudalsnibba.

Han er glad for at grunneigarane på Rygg og Grov har teke forslaget godt imot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er spente på kva dette utløyser, om vi kan få til andre ting – både på Sørstranda og andre plassar, seier Daviknes.