Peder Lofnes Hauge og Noregs Mållag synest det er positivt at regjeringa stiller språkkrav til dataspelutviklinga, men etterlyser særmerkte nynorskstønadar. Foto: Jannica Luoto/Noregs Mållag.

Vil ha meir nynorsk i dataspel

Noregs Mållag etterlyser meir nynorsk i dataspelverda etter at Kulturdepartementet lanserte ny spelstrategi.

Vi må få ei eiga støtte til dataspel som vert laga med nynorsk tekst og tale, eller som blir omsett til nynorsk. Berre slik kan vi sikre at nynorsk blir trygga også på dette domenet, skriv Mållaget i ei pressemelding.

I Kulturdepartementet sin spelstrategi stiller dei språkkrav til dataspel som får utviklings- og lanseringstilskot. Kravet for å få støtte er at spelet anten er på bokmål, nynorsk eller samisk språk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mållaget saknar likevel målretta tiltak i strategiplanen i sikringa av meir nynorsk tekst og tale i dataspel.

– Mållaget vil difor utfordre Kulturdepartementet til å lage særmerkte stønader til dataspel som blir produserte med nynorsk tekst og tale, eller til nynorske versjonar av internasjonale titlar. Slik kan nynorsken få fotfeste også i dataspelverda, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. (©NPK)