Slost med pinnar i Jølster

Klokka 13:42 laurdag fekk politiet melding om to personar som slost med pinnar i vegen på Vassenden.

Politi og ambulanse rykte ut og fann ein mann i 40-åra og ein mann i 60-åra.

Den eine var noko blodig i ansiktet, den andre hadde smerter i ein fot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ambulanse tok med seg mannen i 60-åra til sjukehus for ein ekstra sjekk.

Politiet har gjennomført avhøyr av dei involverte.