Vil ha kompensasjonsordning for ferjer i statsbudsjettet

Fylkesordførarane på Vestlandet går saman om å få ferjekompensasjonsordning i statsbudsjettet

Fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland seier dei ønsker å levere på Stortinget sitt ønske om utsleppsfrie ferjer, men at det ikkje er bevis på løyvingar i statsbudsjettet på kva det vil koste, skriv Vestlandsrådet i ei pressemelding.

– Tidlegare Hordaland fylkeskommune hadde åleine 300 millionar kroner i auka driftskostnader då ein gjekk over til utsleppsfrie ferjer. I sommar fekk ferjefylka 150 millionar, men på deling, seier Jon Askeland, som er fylkesordførar i Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre fylkesordførarane forventar at forhandlingane om statsbudsjettet endar opp med ei ferjekompensasjonsordning som gjer at fylkeskommunane får sjansen til å levere eit ferjetilbod som er i tråd med det både fylka og staten vil ha.

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

(©NPK)