Vil ha kompensasjon for prisvekst på kunstgjødsel

Tilgang på gjødsel er det mest kritiske før våronna. No ber Bondelaget om samarbeid for å gje bonden sikkerheit, og for å unngå lågare matproduksjon.

– Norges Bondelag jobbar for å finne ei målretta ordninga som kompenserer bonden for den ekstreme kostnadsveksten på kunstgjødsel, fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, i ei pressemelding.

– Vi ser ei nærare dobling av prisen på kunstgjødsel det siste halve året. Det gjer at ein del bønder avventar innkjøp, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cirka 30% av volumet i Noreg har framleis ikkje kjøpt kunstgjødsel for sesongen.

– Dersom bonden som opplever denne store kostnadsauken ikkje får dette kompensert, kan vi risikere at ein reduserer matproduksjonen i Norge, seier Felde.