Statens vegvesen vil innføre ei ordning der ein mellombels kan avregistrere køyretøyet utan å levere inn kjennemerke, som bilskilt. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Vil gjere det mogleg å avregistrere bilen utan å levere inn skiltet

Statens vegvesen sender onsdag eit forslag på høyring om frivillig avregistrering av køyretøy utan innlevering av kjennemerke på trafikkstasjon.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) støttar forslaget, som har høyringsfrist i september.

– Av og til kan det vere nyttig å avregistrere eit køyretøy mellombels. Spesielt kan dette vere aktuelt for køyretøy som berre blir brukt delar av året, som motorsyklar og veteranbilar, seier Hareide i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dagens regelverk inneber avregistrering at kjennemerka, som bilskilt, må leverast inn på ein trafikkstasjon, der dei blir lagra i inntil seks månader.

– Med ei ordning der ein kan mellombels avregistrere bilen utan å måtte levere inn skiltet, slepp bileigarane å møte opp på trafikkstasjonen, seier Hareide.

(©NPK)