Flåmsbana er eitt av områda som er foreslått som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse. Foto: Kirsten Offerdal/NTB/NPK.

Vil gje kulturhistoriske landskap i Sogn og Fjordane nasjonal status

Vestland fylkeskommune meiner 21 område i tidlegare Sogn og Fjordane bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Klosterøya Selja, Flåmsbana og fjellgardane i Aurlandsdalen er to av dei 21 områda i tidlegare Sogn og Fjordane som Vestland fylkeskommune føreslår bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA), skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

KULA-prosjektet er i regi av Riksantikvaren. Målet med prosjektet er å få oversikt over alle slike område i landet, bidra til meir kunnskap og medvit i kommunane og gje tydelege og tidlege signal frå kulturminneforvaltninga.

Heile lista over foreslåtte område finn du i botnen av pressemeldinga .

(©NPK)