Vil framleis ha med Rogaland i storfylke

Å få med Rogaland i eit storfylke for Vestlandet er framleis viktig for fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.


Måndag gjekk det siste av i alt fem dialogmøte om det nye Vestland fylke av stabelen på Stord. Der kom det tydeleg fram eit sterkt engasjement for nabofylket i sør.


– Grenseproblematikken engasjerer. Det er viktig for oss å vere klar over samarbeidet mellom Sunnhordland og Haugalandet. Det er viktig korleis vi skal prioritere og ta omsyn til det. Vi har òg fått klare tilbakemeldingar på at Rogaland må bli med i den nye fylkeskommunen, samanfattar fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane på nettsidene til nye Vestland fylke.


Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, er sjølv blant dei som gjerne skulle hatt Rogaland med på laget.


– Eg veit kva musklar Sunnhordland og Haugalandet har for å vere motor i nye Vestland, skal ho ha sagt under oppsummeringa av møtet.


Ho trur Rogaland «på eit visst tidspunkt» blir med i det nye storfylket.


På møtet kom det fram at fleire ordførarar i Sunnhordland er uroa over at Rogaland ikkje er med i samanslåinga. Stord-ordførar Gaute Epland peikte på at Sunnhordland har tette band til Rogaland og at ikkje alle er like begeistra for den nye fylkessamanslåinga så lenge nabofylket i sør ikkje er med.


Sjølv ser han på samanslåinga som det første steget til å samle Vestlandet til ein kraftfull region og reknar med at Rogaland kjem med etter kvart. På møtet streka han under at viktige funksjonar ikkje berre må bli lagt til Bergen og Sogn og Fjordane, men også til Sunnhordland.


Ordføraren i Etne, Siri Klokkerstuen, var også klar på at Rogaland er viktig for det nye storfylket på Vestlandet.


– Fylkesgrensa er i nokon grad til hinder for utvikling på Vestlandet, sa ho. (©NPK)