Rådmannen slår fast at landslagssamlinga i juli i fjor vart ein suksess.

Vil bruke næringsmidlar til å betale festen

Rådmannen ber formannskapet godkjenne at 153.258 kroner av næringsfondet blir brukt til å dekke utgifter i samband med kvinnelandslaget i handball si samling i Gloppen sist sommar.

– Denne saka skulle ha vore behandla i 2015. Kommunen har etter samlinga i juli 2015 vore i samtalar og forhandlingar med handballforbundet, og endeleg oppgjer frå forbundet kom først i januar 2016. Då det var knytt mykje uvisse til omfanget av arrangementet, har eg heller ikkje kunne søke om politisk godkjenning tidlegare, skriv rådmannen.

To landskampar

Då landslaget reiste 27. juli etter ei veke i Gloppen, hadde kommunen vore vertskap for både det norske og russiske landslaget og gjennomført to landskampar med over 3.300 tilskodarar i Trivselshallen.

– Omfanget av besøket til det norske landslaget blei mykje større og omfattande enn kva kommunen sa ja til i februar 2015, peikar rådmannen på.

Rådmannen takka ja til å ta imot det norsk damelandslaget i handball med tanke på å skape merksemd rundt Gloppen og det flotte anlegget vi har i Trivselshallen.

– Tanken var sjølvsagt at dette er god PR som kan føre til fleire nasjonale samlingar og ytterlegare merksemd. Kommunen ville også få testa Trivselshallen som arrangør av landskampar med eit stort publikum. Ei slik samling ville gi Gloppen kommune mykje merksemd. Og det fekk vi, skriv han, og meiner dei 153.258 kronene er god og fornuftig bruk av kommunen sitt næringsfond.