Stor leiteaksjon i Stryn

Store mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder og andre frivillige startar i dag nye søk etter 30 år gamle Christoffer Ordahl frå Risør, som er sakna i Årheimsfjellet i Stryn.

Ordahl har ikkje kome heim etter ein fjelltur mellom Stryn og Loen fredag 10. mai.

Namn og bilete av mannen blir offentleggjort etter ønske frå pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet ønskjer tips i saka. Informasjon kan gjevast til Stryn politistasjon på tlf. 989 00 603.