Tre av gjestane som møtte opp til selskapet på Sørstranda var ikkje inviterte...

– Vi vil ha meir mat – no!

– Kvar blir maten vår av, ser det ut til at desse tre halvvaksne eksemplara av arten kanadagås tenkjer der dei står og pikkar på verandadøra i Arnestadbakkane.

Tysdag ettermiddag fekk Gerd Austrheim eit noko uvanleg besøk. Vi tenkjer ikkje på familiemedlemene som var der for å drikke kaffi, men på tre halvstore kanadagåsungar som tydelegvis ville vere med på slabberaset.

– Dei kom for ein halv time sidan. Vi skulle til å drikke kaffi, men det har vi knapt fått tid til, smiler Austrheim.

Ho har lagt ut nokre brødskiver og sett ut vatn, noko som fell i smak hjå dei svoltne fuglane som tydelegvis vil ha meir.

– Dei kom ned bakken bak huset. Den første datt ned. Då trudde eg det var ein katt, men så kom dei to andre og eg såg kva det var, fortel Dagny Myklebust som var den første som fekk auge på dei uinviterte gjestane.



Kvifor dei vanlegvis sky fuglane oppsøkte menneske, er ikkje godt å seie. Kanskje har dei mist mor si og var på leit etter henne, eller kanskje tok dei seg rett og slett berre ein liten luftetur på eiga hand?

Det som i alle fall er sikkert, er at dei var komne på feil plass. Skogkanten langt frå fjorden kan slett ikkje seiast å vere nokon typisk gåsebiotop.

Det høyrer med til historia at fuglane kom gåande etter journalisten då han tok på heimveg. Den eine gjorde til og med eit tappert forsøk på å springe etter bilen. Utan utvaksne venger, var det eit håplaust forsøk...

Dagny Myklebust (t.v.) og Gerd Austrheim tykte det var kjekt å kome så nær dei ville fuglane.
Fuglane ville vere med journalisten heim. Det fekk dei ikkje...