– Gloppen har tilstrekkeleg med influensavaksinar, meiner Leidulf Gloppestad.

— Vi har nok vaksinar

— Gloppen kommune har ikkje problem med å få tak i nok influensavaksinar, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad.

Folkehelseinstituttet (FHI) klarte å få tak i 1,2 millionar dosar influensavaksine, men dette dekkjer berre to tredelar av behovet.

Rekordhøg etterspurnad

No har dei rundt 60.000 dosar vanleg influensavaksine igjen til risikogrupper og helsepersonell. Dei skal rasjonerast slik at flest mogleg får.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På grunn av koronapandemien har det vore rekordhøg etterspurnad etter influensavaksine i målgruppene for vaksinasjon, skriv FHI i ei pressemelding måndag.

5. og 10. november

– Ein del innbyggjarar har teke kontakt med legesenteret med spørsmål. For Gloppen sin del kan eg forsikre om at vi har fått dei vaksinane vi har tinga. Vi vil ikkje få problem, og opprettheld planane om å vaksinere innbyggjarar i Trivselshallen 5. og 10. november, seier Gloppestad.

Les også
– I år er det ekstra viktig å vaksinere seg mot influensa

Han legg til at vaksineringa desse dagane vil skje mellom klokka 11.00 og 15.30.

Risikogruppene

Leiar for legetenesta, Thomas Hebard, har oppmoda alle som er i risikogruppene om å ta influensavaksine.

Kring 1000 personar vart vaksinerte i Gloppen i 2019. Ein håpar på å kunne vaksinere minst like mange i år. På grunn av koronasituasjonen og smittevernreglar er det ikkje mogleg å gjennomføre vaksineringa på legesenteret.

Dei som ikkje tilhøyrer noko risikogruppe, vil ikkje få tilbod om vaksine.

Les også
Viktig vaksinering