Leiar for legetenesta i Gloppen kommune, Thomas Hebard, oppmodar alle som er i risikogruppene om å ta influensavaksine. Vaksineringa skal i år skje i Trivselshallen.

– I år er det ekstra viktig å vaksinere seg mot influensa

– Det er viktigare for utsette grupper å ta influensavaksine i år enn tidlegare. Viss ein får influensa på same tid som covid-19, er det dobbelt farleg, seier Thomas Hebard.

Den årlege influensavaksineringa står for døra. I år blir denne spesielt viktig sidan koronaviruset er fritt og kan føre til ekstra sjukdomsbelasting, noko som kan bli svært farleg for dei som tilhøyrer risikogrupper.

Må prioritere

– I år blir det i utgangspunktet ikkje like liberal vaksinering som andre år. Vi har fleire vaksinedosar enn før, men likevel ikkje nok til alle, så vi må prioritere dei i risikogruppene som ønskjer å bli vaksinerte, seier Thomas Hebard, som er leiar for legetenesta i Gloppen kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at kring tusen personar i Gloppen vart vaksinerte mot influensa i 2019, og at ein håpar å vaksinere minst like mange dette året.

I Trivselshallen

Tidlegare har vaksineringa gått føre seg på legesenteret. På grunn av koronasituasjonen og smittevernreglane er ikkje dette mogleg i år.

– Det blir vaksinering i Trivselshallen 5. og 10. november. Når folk kjem, får dei sprit på hendene og tildelt munnbind. Dei som har forkjølingssymptom skal ikkje møte, seier Hebard som meiner dei store lokala gjer det lett å halde avstand.

Røde Kors vil vere på plass og sjå til at alle tek omsyn til smitteverntiltaka.

– Bør gå greitt på to dagar

Hebard trur dei skal rekke å få vaksinert alle i løpet av dei to dagane som er sette av.

– Det bør gå greitt, men om vi treng ein tredje dag, tek vi den seinare i månaden, seier han og legg til at dei som bur på omsorgssenteret skal vaksinerast der.

Det skjer i månadsskiftet november/desember.

Kontroll i døra

Dei som ikkje tilhøyrer nokon av risikogruppene, vil ikkje få tilbod om vaksine - i alle fall ikkje i første omgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle bør sjekke kriteria for å få vaksine før dei kjem. Det blir kontroll, og dei som ikkje kjem innunder kriteria vil bli snudde i døra. Desse må vente og sjå om det eventuelt blir vaksine til overs og ein vaksinerer meir liberalt, understrekar Thomas Hebard.

– Flinkare og flinkare

Leiaren for legetenesta meiner glopparane er blitt flinkare til å vaksinere seg mot influensa enn dei var tidlegare.

– Dei er blitt flinkare og flinkare for kvart år. Det har vore ein stor auke dei siste to-tre åra. Eg trur dette skuldast godt opplysningsarbeid frå sentralt hald, seier Hebard og oppfordrar alle som er i risikogruppene til å ta vaksinen.

Dette kostar 50 kroner - også for dei som har frikort.

Grupper som blir tilrådde influensavaksine

* Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko

* Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar

* Alle frå fylte 65 år

* Barn og vaksne med:

* diabetes type 1 og 2

* kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, lever- eller nyresvikt

* kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

* nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)

* svært alvorleg fedme (KMI over 40)

* annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg blir influensavaksine tilrådd for:

* Helsepersonell som har pasientkontakt

* Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar

* Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar