Koronapandemien har fått fart på mjølkesalet her i landet. Foto: Berit Roald / NTB/ NPK

Vi et meir meieriprodukt enn på lenge

Koronapandemien har slått positivt ut for salet av norske meieriprodukt, som det første halvåret i år auka kraftig.

Salet av mjølk er på heile 2,8 millionar liter meir enn i same periode i fjor, fortel Nationen.

Tala byggjer på informasjon frå Opplysningskontoret for meieriprodukt som ifylgje avisa ikkje har sett større auka i salet av norskproduserte meierivarer sidan dei tok til å føra halvårsstatistikk i 2007.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til at mjølkesalet har gått til vêrs, kjøper vi også meir ost og yoghurt. Tala viser likevel at salet av importerte ostar auka meir enn norske ost.

Direktør i Opplysningskontoret for meieriprodukt, Ida Berg Hauge, meiner den viktigaste forklaringa til at vi kjøper meir meieriprodukt er at vi er meir heime i koronatida.

– Når folk er heime, lagar vi meir mat frå botnen av og er nærmare kjøleskapet der meieriprodukta er. Dessutan er det jo nesten slutt på grensehandelen som særleg kan ha innverknad på sal av ost, seier ho til avisa.

(©NPK)