– Vi er svært nøgde med snøfangarane

– Det var ein gledens dag då vinteren var her, og snøfangarane kom til sin rett.

Dei har allereie spart oss for mange kostbare timar i trakkemaskina, seier Runar Kleppe.

F.T.: Jorid Lothe

Dagleg leiar Runar Kleppe ved Breimsbygda Skisenter er optimistisk etter ein rekordtidleg opning på sesongen, og svært lovande vêrvarsel. Det er åtte minusgrader, vindstille og rett før soloppgang då Firda Tidend ein morgon får vere med ein tur til topps med trakkemaskina. Det er den første vinteren dei to åtti meter lange og nesten to meter høge snøfangarane er i bruk, og erfaringane så langt er svært positive.

Sparer tid og pengar
– Vi har allereie spart oss mange timar i trakkemaskina på å fylle på snø som er blåst vekk. Ein time i trakkemaskina er ein liten tusenlapp, og då kan tida heller brukast til å gjere bakkane endå betre, og køyre opp løyper. Det er allereie bestemt at dei to snøfangarane skal forlengast, og at ein tredje skal byggast nær toppen før neste sesong. Dette er nemleg eit veldig effektivt og godt hjelpemiddel, understrekar Kleppe.

Det har i alle år vore eit problem at vinden har teke snøen på dei mest eksponerte «toppane» i bakkane, noko som har gjort det ekstra krevjande å vedlikehalde nedfartane. Snøfangarane er sett opp både med omsyn til forma på «kulen» i bakken, og korleis vinden vanlegvis bles, og resultatet er så langt svært vellukka. At det er rikeleg med snø i bakkane gjer det også tryggare å bruke anlegget, og mindre vondt om ein dett. Og tryggleiken er i fokus, det er gratis utlån av hjelmar til alle, så langt behaldninga rekk. Kleppe understrekar at dei fleste køyrer med hjelm, og at det er «in» å beskytte seg mot hovudskader.

Uveret gav lynnedslag
Han fortel at då dei skulle opne skitrekket før førre helg, vart det oppdaga at uveret i juli hadde ført med seg lynnedslag og skader i to av mastene på trekket. Dette gjorde at ein del elektronikk som styrer motoren og sikkerheitskrinsen til anlegget var øydelagt. Likevel gjekk det kjapt å få trekket «opp og gå» igjen, takka vere lokal dugnadsinnsats.

– Eg må få skryte av flinke folk lokale bedrifter som stilte opp, klarte å finne alle feil og få anlegget reparert på rekordtid. Dei sto verkeleg på både natt og dag til problema var løyste. Skulle vi ha venta på service frå leverandøren, hadde trekket stått i fjorten dagar før dei kom. Det slapp vi, heldigvis, seier ein strålande fornøgd Kleppe.

Bra sal av sesongkort
– Dei mest ivrige er her kvar dag og har allereie snart tent inn sesongkortet. Vi har allereie selt ein del årskort. Det har vore bra aktivitet i bakkane så langt, og vi kan ta imot endå fleire. Til no har det vore lite snø i låglandet i Gloppen, men på Utvikfjellet har det snødd bra, noko mange kanskje ikkje er klar over, fortel Kleppe.

– Vi hadde eit snøfall for nokre dagar sidan, og vêrmeldinga seier at det er snø i vente, fortel Kleppe optimistisk. Det er køyrt løype til Fløtrevarden som blir snart forlenga utover. I tillegg er det allereie køyrt løype til Flølostøylen i tillegg til at lysløypa er gjort klar. Løype til Støyvastøylen kjem ved første høve når vêret er stabilt.

Skiskule og kveldskøyring
– Skianlegget er kveldsope to gonger i veka, og det er planar om skiskule for barn. Vi har hatt våtare vintrar dei seinare åra, så det er ikkje sjølvsagt lenger at alle born kan gå eller renne på ski. Men slik det ser ut no, ser dette ut til å bli ein strålande vinter, seier Runar Kleppe. Han er heller ikkje redd for klimaendringar og snøfattige vintrar i framtida.

– Dei prognosane eg har sett, tyder på at dei skianlegga som ligg på 500-600 meter over havet, eller høgare, kjem best ut. Det kjem meir nedbør, men over 600 meter kjem det aller meste som snø. Her burde det vere lyse utsikter for Breimsbygda Skisenter og Utvikfjellet. For ein del år tilbake var det meir snø både nede i bygda og oppe på fjellet, no må ein oftare i høgda for å oppleve skiføre, seier Kleppe.