Utsikt over Geiranger og Geirangerfjorden. Frå 2023 skal miljøkrav til cruiseskipa hindre forureining i fjorden, men allereie no blir det stilt krav til skipa som vil segle inn i verdsarvområda. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Vestlandsrådet reagerer på miljøkrav i verdsarvfjordane

Vestlandsrådet meiner det blir feil at cruiseskip blir stengde ute frå verdsarvfjordane i 2020 når miljøkrava først skal gjelde frå 2023.

Sunnmøringen skreiv torsdag om dei to cruisebåtane SeaDream I og SeaDream II som etter planen skulle veksle på å besøke Geiranger i sommar, men som ikkje støttar miljøkrava frå Sjøfartsdirektoratet for Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Dei har ikkje fått dispensasjon frå direktoratet til å segle i verdsarvfjordane. For å få dispensasjon må skip over ein viss storleik ha kontrakt som syner at skipet skal tilfredsstille krava innan fyrste anløp i 2023, noko dei ikkje har.

No reagerer Vestlandsrådet, som representerer fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal, på at miljøkrava som skal gjelde frå 2023 tar til å gjelde allereie i år, skriv Sunnmørsposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit samrøystes vedtak om felles uttale til regjeringa, meiner Vestlandsrådet at miljøkrava vil ramme heile vestlandskysten i ei vanskeleg tid for reiselivsnæringa.

(©NPK)