Vestland treng nytt bygg til gammalt arkiv

Vestland fylkeskommune manglar plass til kommunearkiva frå den gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dermed må fylkeskommunen truleg byggje nytt arkivbygg i Leikanger.

Arkivbygget, som skal romme arkiva med kommunevedtak, journalar og organisasjonsskriv, kostar 59 millionar kroner. Hovudutvalet for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune gjekk denne veka inn for nybygget med ni mot seks stemmer.

– Dette er dokument som er arkivverdige. Det betyr at dei skal takast vare på for ettertida, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkestinget skal gjere det endelege vedtaket om nytt arkivbygg 15. desember.