Fylkesordførar Jon Askeland og Vestland fylkeskommune skal leie utviklinga av eit tiårig program som skal sikre ei berekraftig utvikling av sjømatnæringane i Vestland.Foto: Anne Sigrid Hundere/ NPK

Vestland leiar program for berekraft i sjømatnæringane

Vestland fylkeskommune skal leie utviklinga av eit tiårig program som skal sikre ei berekraftig utvikling av sjømatnæringane i Vestland.

Det vedtok fylkesutvalet torsdag.

Vestland fylkeskommune ønskjer å utvikle og styre eit større tal på prosjekt saman med sjømatprodusentane, kommunane og statlege forvaltingsorgan, skriv dei i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den store omstillinga frå produksjon og sal av fossilt brensel krev satsing på andre og berekraftige område. Å satse strategisk på dei marine næringane er derfor svært viktig. Programmet vi no lanserer går over ti år og skal gi næringane vilkår til å vekse og styrke posisjonen sin, seier fylkesordførar Jon Askeland i pressemeldinga.

Målet er at programmet skal bidra til å auke verdiskapinga og tal på arbeidsplassar i sjømatnæringane i Vestland. I tillegg skal det vere med å skape aktive kystsamfunn med attraktive arbeidsplassar.

(©NPK)