– Vi må ha eit solid oppmøte, og vi må få opp engasjementet, for det treng vi no, seier Firda-rektor, Hallgeir Hansen.

Inviterer til folkemøte: Rektor håpar på fullsett kultursal tysdag kveld

Rektor Hallgeir Hansen forventar at kultursalen blir fullsett når Gloppen kommune, Gloppen Næringsorganisasjon og Firda vidaregåande skule inviterer til folkemøte i morgon kveld.

Rektor er tydeleg på at ein treng å få opp engasjementet i Gloppen knytt til saka om framtidig tilbodsstruktur i den vidaregåande skulen.

– Må vere godt oppdaterte

Det er også bakgrunnen for at det vert skipa til folkemøte i Trivselshagen 7. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har eit ønske om at innbyggjarane skal vere godt oppdaterte. Denne saka er ikkje landa før politikarane har gjort vedtak 1. oktober. Det er viktig å få fram dei ulike perspektiva i saka, og vi kjem til å utfordre dei som hadde innlegg på Nordfjordeid sist veke til også å seie noko i kultursalen på Sandane, fortel han.

– Send inn høyringssvar

I framlegget til ny tilbodsstruktur ligg det inne forslag om å fjerne studiespesialisering frå Firda hausten 2025.

– Målet med dette folkemøtet er å motivere folk til å sende inn høyringssvar og bidra til å berge dette tilbodet ved skulen. På møtet skal vi gå gjennom korleis ein praktisk kan gjere det, seier Hallgeir Hansen, og legg til at alle kan delta i høyringa.