Trolltunga er ein av dei mest kjende naturattraksjonane på Vestlandet, med bratte fjellsider og spektakulært fjordlandskap.

Vestland kåra til eitt av dei beste reisemåla i verda for 2027

Vestland er kåra til eitt av dei 25 beste reisemåla i verda for 2027 av National Geographic. Kåringa løftar fram fjordlandskapet, verdsarvområda, kulturarven i Bergen og matopplevingane i regionen.

Publisert

Ifølgje Fjord Norge gir utmerkinga ei moglegheit til å vise fram både kjende attraksjonar som Hardangerfjorden, Trolltunga og Nærøyfjorden, og mindre kjende reisemål og lokale opplevingar.

Den spektakulære Nærøyfjorden er blant kvalitetane som gjer Vestlandet til eit attraktivt reisemål for turistar frå heile verda.

Regionen markerer seg òg innan eksklusiv overnatting. I Michelin-guiden for 2026 ligg ni av dei 16 norske hotella med Michelin-nøkkel i Fjord Norge-regionen. Til saman har hotella 11 av dei 18 Michelin-nøklane i Noreg.

Blant overnattingsstadene som er trekte fram, er Lilløy Lindenberg utanfor Bergen, Beckerwyc House i Austevoll og Panoramahyttene på Karmøy.

Fjord Norge oppmodar reiselivsaktørar til å nytte merksemda til å løfte fram nye reisemål, overnattingsstader og opplevingar i regionen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS