Noko av målet med nynorskstipendet er å styrkje språket som både kunst- og kvardagsspråk. Dette gatekunstmåleriet av Ivar Aasen heng på Bergen katedralskole. Det er laga av Slava Nemes Matisic, og oppdraget var å lage eit kunstverk som syner Ivar Aasen som eit førebilete på kreativitet og fagkunnskap.

Vestland fylke lyser ut nynorskstipend

Vestland fylkeskommune lyser no ut 150.000 kroner i nynorskstipend. Pengane kan gå til ein forfattarar, dramatikarar eller andre som formidlar nynorsk i tekst og på scene.

Publisert

Målet er å gjere nynorsk meir synleg som både språk og kulturberar. Utlysinga er nasjonal, men mottakaren må ha tilknyting til Vestland gjennom virket sitt.

– Som det største nynorskfylket og det leiande kulturfylket i landet, skal vi ta eit nasjonalt ansvar for nynorsk. Eitt av våre mange tiltak for å styrke nynorsk som både kunstspråk og kvardagsspråk er dette stipendet, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland, i ei sak på nettsidene til fylkeskommunen.

Nynorskstipendet vart delt ut for første gong i 2025. Då kunne alle nominere kandidatar, og det kom inn til saman 59 nominasjonar.

Dette er no gjort om, og i år må kunstnarar og andre sjølve søkje om å få stipendet. Forlag og andre institusjonar på kulturfeltet kan søkje på vegner av ein kandidat, men kandidaten må då samtykke til søknaden.

Fristen for å søkje på stipendet er 1. juni. (©NPK)

Powered by Labrador CMS