Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Verftsarbeidar har testa positivt

Ein innleigd arbeidar ved Brødrene Aa har testa positivt i ein hurtigtest mot koronavirus, opplyser Gloppen kommune i ei pressemelding.

Testen vart gjort på grensa ved innreise til Noreg. Arbeidaren hadde også tatt koronatest 72 timar før avreise, og denne var negativ før vedkomande reiste ut frå landet. Ved grensa vart det tatt rutinemessig hurtigtest, og denne gav eit anna resultat. Sidan det kan vere noko feilmargin på hurtigtestane, vert arbeideren no også testa her, og er sett i isolasjon til dette prøvesvaret ligg føre.

– Det er fem nærkontaktar knytt til dette smittetilfellet. Desse er også testa mot koronavirus og sette i karantene i ti dagar. Utover desse fem er det ingen andre nærkontaktar og vidare smittesporingsarbeid er ikkje nødvendig. Ingen, hverken den som har avlagt positiv hurtigtest eller nærkontaktane har symptom på sjukdom, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle vert no følgde opp vidare av Brødrene Aa og kommunen sitt helsepersonell dersom dette vert nødvendig.

– Kommunen ser situasjonen som oversiktleg og under kontroll. Brødrene Aa har også vist at dei har gode rutinar og god oppfølging rundt dei tilfella som har vore på verftet tidlegare, og kommunen er trygg på at desse rutinane også blir følgde no, seier Gloppestad.