Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad minner ved inngangen til jula om kor viktig det er med smittevern.

– Ver ekstra merksam på smittevern i tida framover

– Jula inneber auka risiko for koronasmitte. Gloppen kommune ber difor alle innbyggjarane sine om å vere ekstra merksame på smittevern i den komande tida, seier ordførar Leidulf Gloppestad.

Han har tre generelle råd til innbyggjarane i kommunen han styrer.

1. Får du besøk, eller skal du på besøk? Hald avstand og avgrens sosial kontakt, særleg dei første ti dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Karantene ved reiser i Noreg er ikkje pålagt, men, om mogleg, tilrår vi «karanteneliknande innkvartering» dei første ti dagane etter etter ankomst til Gloppen. Ein kan også redusere smitterisiko ved å avgrense tal nærkontaktar i forkant av reisa. Ver særleg varsam på luftvegssymptom under og etter eit besøk. Avgrens sosial kontakt. Er du sjuk, eller allereie sit i karantene, kan du sjølvsagt ikkje reise nokon stad, understrekar Gloppestad.

2. Besøk i omsorgsbustad eller på institusjon? Gjer avtale på førehand.

– Vi ønskjer at alle som bur på institusjon og i omsorgsbustadar skal kunne få besøk i jula. Dette krev planlegging. Alle besøk må difor avtalast på førehand. Ta direkte kontakt med den aktuelle institusjonen for å gjere avtale. Gjer avtale innan 17. desember.

3. Har du mistanke om at du er smitta? Kontakt legesenteret.

– Ta kontakt med legesenteret, eventuelt legevakta. Dersom legen meiner at det er nødvendig med koronatest, får du eit tidspunkt for oppmøte, opplyser ordføraren og fortel at kommunen arrangerer nettmøte fredag ettermiddag.

I tillegg til han sjølv, vil kommuneoverlegen og andre nøkkelpersonar svare på spørsmål frå innbyggjarane om korona og retningslinjene som gjeld.

– Her vert det høve til å stille spørsmål og få svar direkte, seier Leidulf Gloppestad.