Ventetida i psykisk helsevern og rusbehandling er lite påverka av pandemien. Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner det vitnar om betydeleg innsats blant dei som jobbar i desse tenestene. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Ventetida hos helsevesenet er på veg ned

Ventetidene hos norsk helsevesen er på veg ned, og ho nærmar seg det nivået ho låg på før pandemien, viser nye tal frå Helsedirektoratet.

Samanlikna med mai i fjor er ventetidene reduserte med elleve dagar, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.

– Det heng saman med at den første smittebølgja først gav full effekt på ventetidstala frå og med mai i fjor. Då byrja sjukehusa for alvor å ta igjen aktivitet som vart utsett i mars og april, og ventetidene auka. Ein tilsvarande effekt ser vi ikkje i år, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere det første teiknet på at ventetidene nærmar seg nivået frå før pandemien, legg han til.

Ifølgje ministeren har ventetida i psykisk helsevern og rusbehandling vorte lite påverka av pandemien. Samtidig har det vore ein auka pågang, særleg blant barn og unge.

– Det vitnar om ein betydeleg innsats frå dei som jobbar i desse tenestene, seier han.

Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta auka med éin dag i første fire månadene av 2021, samanlikna med same periode i 2020.

Det har vore ein auke på to dagar i somatiske sjukehus frå dei første fire månadene av 2020 til samanlikna med 2021. I psykisk helsevern for barn og unge og rusbehandling aukar ventetidene med éin dag, medan det er inga endring i ventetid i psykisk helsevern for vaksne.

(©NPK)