Svein Ottar Sandal smilte breitt under valvaka i Førde i kveld. Foto: Aadne Gloppestad

Ventar i spenning

KrF-toppen smilte breitt.

- Så langt ser det jo strålande ut. Han smilte breitt under vaklvaka i Førde i kveld, KrF-toppen i Gloppen, Svein Ottar Sandal då han fekk sjå resultatet av førehandsrøystinga. Med over 25 prosent av røystene og over 13 prosents framgang, ser dei ut til å gjere eit brakval. Om det er nok til å sikre ordførarklubba gjenstår å sjå. Senterpartiet og Leidulf Gloppestad ser ut til å halde stand og få eit resultat litt betre enn førre val. Så spørs det kva som skjer med dei andre partia , men at ordførarvalet til slutt vil stå mellom desse to verkar opplagt.
I Jølster ser det ut som at Oddmund Klakegg har styrka posisjonen, men også her er det små marginar. Vi ser også at det er spenning i Eid, og på fylkesplan har Jenny Følling og Sp eit lite forsprang på Kjelsnes og Ap. De store sensasjonen ser likevel ut til å kome i Ap-bastionen Årdal, der Senterpartiet er større på førehandsrøystinga.