Venstre vil at alle fritidsbåtar skal bli elektriske innan 2030, men Sintef-forskar meiner det berre er ein drope i havet med tanke på klimagassutslepp. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Venstre vil ha utsleppsfrie fritidsbåtar

Venstre vil at alle fritidsbåtar som blir selde her i landet skal vere utsleppsfrie innan 2030. Forskar meiner likevel at andre tiltak er viktigare.

Ola Elvestuen i Venstre meiner at også fritidsbåtar må bli elektriske for å få nå klimamåla.

– Vi må slutte med fossilt drivstoff, og det betyr alt frå motorsaga til cruiseskipa. Der imellom er òg fritidsbåtane. Dei må òg bli nullutslepp i åra framover, seier han til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sintef meiner at politikarane heller bør satse på dei store utsleppspostane til havs, som skipsfart. Småbåtane er feil ende å byrje i, meiner forskingsleiar Anders Valland i Sintef Ocean.

– Vi kan få teknologiutvikling på dette, men viss ein ønskjer å gjere dette med tanke på klimagassutslepp, så vil det framleis – sjølv om ein elektrifiserer heile fritidsbåtflåten i verda – faktisk ikkje bety nokon ting, seier han.

(©NPK)