Venstre gjer klima til hovudsak i valkampen
Måndag kom FNs klimapanel med ein rapport som teikna eit dystert framtidsbilete. No gjer Venstre klima til hovudsaka si i valkampen
– FN-rapporten er krystallklar: Vi må kutte utslepp endå raskare, då kan vi ikkje leggje inn masse atterhald i klimapolitikken som sinkar oss. Vi har ikkje tid til ein ineffektiv klimapolitikk, og klima må vere den viktigaste saka i denne valkampen, seier Venstre-leiar Guri Melby.
Partiet går mellom anna inn for å stanse oljeleiting, verne elbilfordelane mot kutt, dei vil at staten skal finansiere meir av kollektivprosjekta gjennom byvekstavtalane og ha ei raskare opptrapping av CO2-avgifta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag opna ho valkampen til partiet på Karl Johans gate i Oslo. Der gjekk ho òg til angrep på dei raudgrøne.
– Når dei raudgrøne partia snakkar om klimapolitikk, er det alltid med eit men. Senterpartiet vil ha unntak i CO2-avgifta for fossilbilar og distrikta, Ap vil ha unntak for bensinbilar og forureinande industri, og SV vil ha fordelingspolitikk inn i klimapolitikken. Men klimatiltak må først og fremst kutte utslepp, og ikkje blande inn alle andre omsyn samtidig, sa Melby.
(©NPK)