Vegvesenet foreslår å redusere pendlarrabatten på ferjene til 20 prosent. Foto: Marianne Løvland/NTB/NPK.

Vegvesenet foreslår redusert pendlarrabatt på ferjene

Statens vegvesen vil redusere prisrabatten for ferjependlarar og næringsdrivande frå høvesvis 50 og 40 prosent til 20 prosent.

Med dette forslaget vil ei ferjestrekning som i dag kostar 74 kroner med rabatt, kome på 112 kroner, skriv Nationen.

Forslaga går fram av ei høyringsnotat om takst- og rabattstrukturen i ferjedrifta som vegvesenet har laga på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Bakgrunnen er ønsket frå Stortinget om lågare ferjetakstar, ikkje minst for pendlarane.

– Det er vanskeleg å finne tiltak som treffer pendlarane presist og samtidig byggjer opp under målet om enklare reisekvardag og effektiv innkrevjing av billettinntektene, skriv vegvesenet i notatet. Etaten understrekar samtidig at grunntaksten må ned om ferjereisene skal bli billegare for pendlarane.

– Billettinntektene ved den tilrådde løysinga kan reduserast ved å redusere takstnivået, skriv dei.

Vegvesenet går samtidig inn for å fjerne kravet om forskotsbetaling i rabattordningane, noko som har vore krevjande å oppfylle for mange.