
Vedum rasar mot budsjettforslaget frå regjeringa – seier Ap bør forhandle med Høgre
Det er ingen vits i å forhandla om budsjettforslaget frå regjeringa, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som seier regjeringa først bør forhandla med Høgre.
– Bodskapen min er at dei bør gå til Høgre når dei har lagt fram det budsjettet her, seier Vedum til NRK.
Vedum seier at Senterpartiet tek politikken på alvor, og at Ap «tydelegvis er mest samd» med Høgre.
– Viss Arbeidarpartiet trur at dei kan leggja fram eit budsjettforslag der dei aukar avgiftene på drivstoff, der dei aukar gjødselavgiftene, der dei kuttar i gratis ferje, der dei kuttar i nedstenging av studielån, der dei sveltefôrar kommunane, og så skal Senterpartiet røysta for det, så tek dei feil, seier Vedum.
Han seier det ikkje er nokon vits å invitera til samtalar om budsjettforslaget som vart lagt fram onsdag.
Overfor NTB avviser Vedum at utspelet er eit stunt eller forhandlingstaktikk.
– Når alle område nærmar seg Høgre, så må det tyda på at dei ønskjer å forhandla i den retninga. Då får dei sondera den vegen først om dei trur det er der dei får mest gjennomslag for Arbeidarpartiets politikk, seier han.
Han understrekar likevel at Sp er opne for forhandlingar dersom mange av kuttforslaga blir skrota.
– Senterpartiet meiner at Arbeidarpartiet og Senterpartiet får til mange av dei beste løysingane, men då kan dei ikkje leggja inn eit budsjettforslag som er tilpassa Høgre og ikkje Senterpartiet, seier Vedum, som ber Ap tenkja seg om.
Regjeringa er avhengig av Sp eller eventuelt Høgre for å få vedteke budsjettet, påpeikar han.
– Og då får dei velja sjølve. Me meiner at dette er eit budsjett for større skilnader. Me har gått til val på eit Noreg med mindre skilnader, for å utvikla heile Noreg, seier Vedum. (©NPK)