Vassendgutane er fast innslag på countryfestivalen og fekk det til å koke då dei entra scena litt over midnatt.

Vassendgutane fekk det til å koke i Breim

 

Det starta med relativt roleg musikk og linedance i Kolbeins saloon før Hellbillies var ved å blåse ut trommehinnene på pupbikum med eit vanvittig lydnivå. Den smått utrulege kvelden vart avslutta med Vassendgutane som fekk det enorme folkehavet til å gå nesten av hengslene.

 

-Det er på bygda det skjer, ropte Sindre Aam  frå scena før dei drog den eine publikumsfavoritten etter den andre. Vassendgutane har ei eiga evne til å piske opp stemninga og det gjorde dei til gagns på hovudscena i går kveld.

Variert meny

Dei som hadde benka seg i Kolbeins saloon tidleg på kvelden kunne kose seg med mellom andre Cindy Kvinlaug , G. Thomas og Rotlaus. På dansegolvet framfor scena  var det heile tida linedance å sjå og publikum kosa seg skikkeleg i den fine sommarkvelden.

Det var rimeleg fullt framfor scena då Hillbillies spela, men då Vassendgutane dukka opp ein halvtime over midnatt såg vi berre korleis folket kom veltande frå alle kantar, og etter dei to-tre første gitarakkordane var det full fyr. At vêrgudane også synte seg frå si aller beste side, gjorde også sitt til at denne kvelden nok vil bli notert som ein av dei beste i Norsk Countrytreff si 22-årige historie.







 

 







 



 

Cindy Kvinlaug på scena og linedance framfor
G.Thomas har vore i Breim kvart år sidan starten i 1995. Fredag song han duett med Cindy Kvinlaug
Aslag Haugen og Hillbillies hadde bomma på lydnivået, men fekk likevel med seg publikum på slagerparaden sin.
Stilstudie av Aslag Haugen i Hellbillies
Vassendgutane fekk publikum i ekstase
Dei piska stemninga til stadig nye høgder
På kokepunktet