Leidulf Gloppestad .

Vart listetopp ved akklamasjon

– Eg er veldig glad for førsteplassen, seier Leidulf Gloppestad. Han vart nominert til førsteplass på kommunevallista til Sp ved akklamasjon.



– Det er ei stor tillitserklæring. Eg er veldig glad for å ha så stor støtte i lokallaget, seier Leidulf Gloppestad. Om åtte månader er det nytt kommuneval, og Senterpartiet er først ute med å gjennomføre nominasjonsmøte av partia i Gloppen.

Fullt gjennomslag

Det vart på alle måtar eit roleg og udramatisk nominasjonsmøte. Ikkje berre den sitjande ordføraren, men heile listeframlegget vart valt med akklamasjon. Slik vart det fullt gjennomslag for nominasjonsnemnda på alle kandidatane og plasseringane.

– Eg er veldig glad for nominasjonen. Det er ei stor tillitserklæring og kjekt å ha slik støtte i lokallaget. Ikkje minst er eg glad for heile lista. Vi stiller med eit sterkt mannskap, seier Leidulf Gloppestad. Han er starta på siste året i den første perioden som ordførar i den desidert største Senterparti-kommunen i fylket.

Heilt sidan 1968 har ordføraren kome frå Sp som jamt over gjer gode val i Gloppen. Når tida er inne for kommunevalet 2019, har Gloppen Senterparti hatt makta i 51 år.

Utfordra

Rett nok har det nokre gonger vore utfordrarar, men gjennom samarbeid har partiet kvar gong sikra ordførarstolen. Ved førre val gjekk Sp 8,1 prosent fram og fekk Sp 42,4 prosent av røystene, og vart utfordra av KrF som gjorde det historisk godt med 24,1 prosent..

Medan KrF jamt over gjekk tilbake elles, gjekk dei fram 12,1 prosent i Gloppen, og Svein-Ottar Sandal prøvde gjennom samarbeid med andre parti å utfordra Sp-makta, men fekk ikkje brei nok støtte. Både Ap, SV og Venstre gjekk for samarbeid med Sp i staden, og Sp  fekk både ordførar og varaordførar.

Og med den medvinden Sp ser ut til å ha no, kan det bli fire nye år for Gloppestad. KrF vil mykje truleg ikkje få sjansen tilbake etter valet om å gå inn i Solbergregjeringa.

Motivert

Leidulf Gloppestad har ingenting i mot å vidareføre Sp-tradisjonen i Gloppen.

– Det er ein inspirerande jobb å vere ordførar og følgje utviklinga i kommunen. Det er motivasjon i seg sjølv, seier han. Ikkje minst er det ein posisjon som gjev påvirkningskraft.

– Eg har brukt fire år på å kome i gang, vere med å rigge planverk og starte prosessar. Eg har veldig lyst til å fortsetje så sant eg får veljarane sin tillit, seier han.

– Kva vil du seie om dei åra du har vore ordførar?

– Gloppen er ein kommune i veldig god utvikling der det skjer mykje positivt, meiner han.

Går godt

Han peikar på både etablering av både kommunale og private bustadfelt og ei veldig god utvikling i bedriftene i Gloppen.

– Nyleg kunne vi sjå utlysing av nye stillingar i både SFE, Brødr. Aa og Strukturplast på same tid. Og under dei er det eit konglomerat av mindre bedrifter. I sum betyr det ein sunn og frisk kommune som kan utvikle seg vidare, seier Leidulf Gloppestad. Han peikar også på det rike kulturlivet, all dugnad og frivillig innsats som gjer Gloppen til ein rikare kommune å bu i enn mange tenkjer over.

– Ser du ingen mørke skyer?

– Vi har utfordringar som alle andre, t.d. alderssamansetjinga og korleis vi riggar oss for å møte utviklinga. Vi må arbeide aktivt for å rekruttere fleire til Gloppen. Det er svaret på mange av utfordringane våre, seier han og konstaterer at tilflyttinga no er større enn utflyttinga, og at folketalet er i svak vekst.

– Her må vi arbeide for at veksten går frå svak til sterkt positiv, seier han.

 

Desse skal slost om veljarane sine røyster

1 Leidulf Gloppestad (kum)
2 Per Jarle Myklebust
3  Magni Aa Berge
4  Signe Bjotveit (ungdomskand)
5  Solveig Lien Gusdal
6  Bernt Reed
7  Jeffrey Thomas
8  Jostein Arne Røyrvik
9  Tord Hafnor
10 Per Rune Vereide
11 Giedre Cepukeniene
12 Olaf Sig. Gundersen
13 Janne Marie Solheim
14 Marit Straume
15 Einar Duvold
16 Karoline Bjerkeset
17 Eivind Reed
18 Bjarte Øvrebø
19 Liv Henny Frøyen
20 Kristine D. Raad
21 Margrethe Mjellem
22 Einar Kårstad
23 Vegard Sårheim
24 Elin Grytting
25 Anders Gloppestad
26 Vidar Sandal
27 Ingeborg Mardal Dale
28 Jan Otto Aae
29 Else Bakkelid
30 Torun Flatjord
31 Steffen Fjellestad
32 Turid Bøyum
33 Ola Steinar Hestenes