Tulipanar varslar om vår i vente. Foto: Kari Hamre/NPK.

Vårstemning på bordet

Sjølv om vi gler oss over vinteren, går det fint an å skape vårstemning og farge i kvardagen innomhus. Tulipanen har fått sin eigen dag, og i år fell den på 18. januar.


Blomsterbransjen har i om lag 23 år markert tulipandagen her i landet. Denne dagen og i vekene framover vil det fløyme over av tulipanar i butikkane – mange millionar fargerike tulipanblomar som minner oss om lysare tider.


Nederland er det store tulipanlandet, men planten har opphavet sitt frå Nord-Afrika og Asia. På 1500-talet tok botanikaren Carolus Clusius på seg æra for å ha tatt med seg tulipanløkar til Nederland. Han er også den første kjende foredlaren av tulipanar i Europa.


Christian Gartner var den første som skreiv om løk og blomsterløk i Noreg. I den norske hagebruksboka si «Horticultura» frå 1694 har han med eit heilt kapittel om blomsterløk. Der har han med eigne erfaringar og observasjonar rundt det å dyrke slike plantar i Noreg.


For å få tulipanbuketten til å vare lenge treng du ein rein vase, og tulipanane må snittast rett over slik at dei lettare sug opp vatn. La innpakningen vere på og la tulipanane stå kjølig i eit par timar. Deretter kan du fjerne innpakningen og setje vasen der du vil. Etterfyll med vatn når det blir behov. Hugs også at tulipanane ikkje trivest i nærleiken av frukt. Modningsprosessen til tulipanane vert skunda fram av etylengassen som frukta gir frå seg. Det kan elles vere smart å setje tulipanane kjølig om natta – då varer dei lenger. (©NPK)