Varslar fare for flaum- og jordskred på oransje nivå

NVE har sendt ut varsel om fare for flaum- og jordskred på oransje nivå for delar av Vestlandet nord for Sognefjorden og Innlandet.

Publisert Sist oppdatert

Varselet er gjeldande frå fredag og fram til søndag 12. oktober.

- Fleire skredhendingar er venta. Nokre kan få store konsekvensar. Utsett busetnad kan bli berørt. Framkome på veg eller jernbane kan bli redusert, heiter det på varsom.no.

Med gjeldande prognose er indre strøk mest utsett. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. 

Flaumskred har lang rekkjevidde og kan gå ned til dalbotnen sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget. 

Det er venta mykje regn fredag og laurdag. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er allereie høg i delar av området.

Powered by Labrador CMS