Narve Opheim (t.h.) frå Norske Redningshunder gjer seg klar til søk. Dei vart flydd opp med helikopter.

Vanskelege leiteforhold

- Det er surt og gale. Der vi leitte no er det tett granfelt og tett med kratt. I tillegg er vi uheldige med været med regn og skodde. Det er slitsomt og vanskeleg. Difor søker vi i bolkar, fortel Dag Rune Bakke som er leiar for eitt lag som har søkt i terrenget ovanfor Eikåsgardane. Laget kom inn att like før klokka 13, men skal ut att seinare.

To helikopter
I tillegg til leitemannskap, vert eit andre helikopter sett inn i søket etter den 36 år gamle turgåaren. Fleire friviljuge frå området har med seg hund. Den sakna la i 15-tida søndag ut på tur til Eikåsnipa, men kom ikkje att frå fjellturen. Turen til Eikåsnipa tek normalt tre timar, to timar opp og en time attende. Klokka 01 vart han meldt sakna. I løpet av natt til måndag vart det gjort individuelle søk, også med hundar frå Norske Redningshundar, langs ruta der den sakna skulle ha følgt. I morgontimane sette ein i gang med meir nøye søk med hjelpekorps og sivilforsvar. Ein styrke på kring 60 mann er engasjert i søket. Søkeområdet vart i løpet av måndag føremiddag utvida. Søk pågår no i fjellområda mellom Flugedalen og Kletten.
- Vi veit at Sveinung har vore på Eikåsnipa og skrive seg inn i ei bok som ligg der. Sidan har han ikkje returnert til bilen og heimen. Han hadde med seg ein hund på turen. Den er heller ikkje komen att, fortel lensmann Knut Skurtveit i Jølster. Skurtveit har ingen teori om kva som har skjedd med den sakna.
- Han er fjellvand, har bra med klede og har med seg hund. Det er til dels ulendt terreng. Den normale ruta opp er grei, men går ein litt til sides for ruta, så er det knausete, seier Skurtveit.

Fekk kontakt med andre
Politiet har gått ut med namnet på mannen i håp om at tre-fire andre som søndag var på Eikåsnipa, skal melde seg. Ein har no fått kontakt med nokre av desse utan at dei har tilført saka noko nytt.
- Folk har skrive seg inn i boka på varden etter at Sveinung var der. Vi prøver å få kontakt med desse. Det kan vere at desse har sett noko eller kan komme med opplysningar, seier Skurtveit