Vakna til stove full av røyk

Brannutrykking utløyst av tryggleiksalarm i Sunnfjord natt til måndag.

Publisert Sist oppdatert

I firetida natt til måndag melde 110-sentralen om ein tryggleiksalarm som var utløyst i Sande i Sunnfjord. Helse hadde delvis dialog med ein mann i 90-åra som budde der, saman med dottera i 70-åra. Meldinga gjekk ut på at det var mykje røyk i stova.

Då brannmannskapet tok seg inn i stova, kunne dei stadfeste at røyken skreiv seg frå vedomnen i stova. Dei fekk straks kontroll på begge som budde der. Dei to var oppegåande og kjende seg ok, men hadde vorte eksponerte for noko røyk. Ambulansen som kom til, tok med seg mannen i 90-åra til Førde sentralsjukehus for vidare kontroll, medan kvinna i 70-åra vart dimittert på staden. 

Brannmannskapet vart verande i huset til røyken var under kontroll og dei fekk lufta ut i huset.

Powered by Labrador CMS