Reidun Elvebakk.

Utvidar butikken i høgda

– Vi har mange varegrupper og treng litt meir luft mellom varene, seier eigar av Sandane glassmagasin, Reidun Elvebakk.

I dag opnar butikken i Nordstrandsvegen ny avdeling i 2. etasje.

Ny trapp

– Vi har ein del større gjenstandar, til dømes møblar, som har drukna i alle dei andre varene slik vi har hatt det til no. Plutseleg såg vi moglegheita til å nytte det ledige lokalet i 2. etasje, seier Reidun Elvebakk og viser veg opp trappa som nyleg er komen på plass.

Lokala i overetasjen har stått tome sidan Cubus la ned butikken der på 1990-talet.

– Huseigar var veldig positiv og velvillig med éin gong. Verken for bygget her eller for Sandane sentrum er det bra at lokale står tome, seier Elvebakk og legg til at ho har valt å utvide først og fremst av omsyn til kundane:

– Dei skal oppleve aktivitet og at noko skjer. Forandring frydar.

Les meir i papirutgåva fredag.