Utvida bandtvang mange stader, også i Gloppen og Sunnfjord

Nyleg publiserte vi ein artikkel frå Nynorsk Pressekontor om at den generelle bandtvangen for hundar blir oppheva denne veka. Bandtvangen er lovfesta i heile landet mellom 1. april og 20. august. 

Leiar i Nordstranda beitelag, Svein Helge Hovstad, minner om at mange kommunar har utvida bandtvang av omsyn til dyr på utmarksbeite. 

- I Gloppen og Stryn varer bandtvangen til 15. oktober, i Stad til 20. oktober og i Sunnfjord kommune til 1. november, opplyser han og legg til at sauene ikkje blir sanka før i midten av september, med påfølgjande ettersankingar utover hausten ved behov. 

For ordens skuld legg vi til at hundeeigarar skal ha kontroll på hunden sin, og at dette er vilkåret for å la den gå utan band også utanom bandtvangperioden. 

Powered by Labrador CMS