Utruleg kjekt å starte sesongen med siger, seier trenar Øynind Herbvik

- Utruleg kjekt å kome så godt i gang

Sandane opna serien med tre poeng mot Høyang på bortebane. Eit fantastisk frispark tre minutt på overtid avgjorde.

Det vart ein triller av ein fotballkamp der Sandane lukkast å ta alle poenga, og der heimelaget gjekk av bana med ei kjensle av å bli fråstolne to poeng, kanskje alle tre.

Utruleg kjekt

Det såg mørkt ut, for heimelaget scora først ti min. før pause og la på til 2-0 tidleg i andre omgang. Først 15 minutt før slutt starta STIL opphentinga som vart avslutta tre minutt på overtid med eit fantastisk frispark
– Vi møtte eit aggressivt lag som trykte på. Høyang kunne ha punktert kampen i starten på andre omgang, men Simon Gimmestad i mål berga oss, seier Øyvind Hervik etter sin første seriekamp som STIL-trenar.

– Det var utruleg moro å kome så godt i gang. Det var ei sterk vilje i laget til å vinne. Eg vil særleg framheve Jonas Denk og Jonas Løvland i tillegg til Simon, seier Øyvind Hervik. Han meiner laget har mykje å gå på i angrepsspelet som må bli meir variert.


Les i måndagavisa om den fantastiske scoringa som avgjorde