– Å hindre vald i nære relasjonar er eit viktig satsingsområde for regjeringa, seier justisminister Tor Mikkel Wara (Frp). Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Utlendingar som blir utsette for vald i husstanden skal få opphald

Regjeringa vil utvide regelen som i dag gjev opphald til ein utlending berre dersom vedkomande er blitt utsett for mishandling i samlivsforholdet.


Endringa inneber at det også skal gjevast opphald dersom mishandlinga er utført av andre medlemer av husstanden enn samlivspartnaren til søkjaren.


– I dag får ein berre opphald viss samlivspartnaren utøver vald. Vi veit at det i mange tilfelle ikkje berre er samlivspartnaren som står bak mishandlinga eller den negative sosiale kontrollen. Difor føreslår vi at regelen om opphald på sjølvstendig grunnlag som på grunn av vald i nære relasjonar også skal gjelde når andre medlemmer i husstanden eller svigerfamilien utøver mishandlinga, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp).


Forslaget er ei oppfølging av tiltak 5 i handlingsplanen til regjeringa mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. (©NPK)