Frå stranda ved Elviria litt utanfor Marbella by på solkysten i Spania. Foto: Geir Olsen /NTB/NPK.

Utlandet står på ferieplanen vår i sommar

Nesten åtte av ti har planar om å ha sommarferie i år. Så mange som 49 prosent av desse seier dei sannsynlegvis ferierer i utlandet.

Det går fram av Virkes undersøking Reisepuls.

I ei tilsvarande gransking våren 2021 svarte berre 10 prosent av dei som skulle ha sommarferie i fjor at dei ville til utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formålet med sommarferien 2022 er å vere saman med familien (73 prosent) i tillegg til rekreasjon, sol og bading (46 prosent). Mange ønskjer også å oppleve nye stader (31 prosent).

Av dei som skal til utlandet i sommarferien, er Spania (26 prosent), Danmark (26 prosent) og Sverige (24 prosent) dei mest populære destinasjonane.

– Vi trekkjer tilbake til kjende reisemål som Spania, Danmark og Sverige. Dette er reisemål som er kjende for nordmenn og som mange har lengta etter å dra tilbake til, seier Audun Pettersen, bransjedirektør for reiseliv i Virke, i ei pressemelding.

Dei mest populære reisemåla her heime er Vestland (27 prosent), Viken (25 prosent) og Oslo (21 prosent).

(©NPK)