Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Utforkøyringar med personskade

Det har i kveld vore to utforkøyringar i Nordfjord, begge med personskade.

I Eid, litt vest for Kjøs bru, var det i kveld ei utforkøyring. Føraren var åleine i bilen og vart send til Haukeland med luftambulanse.

På Blakset køyrde ein traktor av vegen, gjekk rundt og stogga i eit tre. Ein mann i 60-åra vart send til lege for sjekk.