Utfor vegen i Våtedalen

Ein bil hamna utfor vegen på E39 i Våtedalen natt til laurdag, skriv politiet på Twitter.

Sjåføren var åleine i bilen og vart undersøkt av ambulansepersonell på staden. Han skal ha kome uskada frå hendinga.

Politiet fekk melding om utforkøyringa i halv fire-tida, og alle naudetatane rykte ut. Ingen andre køyretøy var involverte i hendinga.