Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Utanlandsstudentar får komme til Noreg frå 1. august

Regjeringa har bestemt at studentar og elevar frå utlandet får unntak frå innreiserestriksjonane frå 1. august.

Det betyr at utanlandske studentar og elevar med studieplass eller skuleplass ved ein norsk utdanningsinstitusjon kan reise inn til Noreg som planlagt.

– Eg ønskjer studentar og elevar frå utlandet velkommen i august. Det var viktig for oss å avklare dette no, slik at studentar og elevar kan byrje å planleggje framkomsten sin. Sjølv om vi no opnar opp for at dei kan komme i august, så må dei framleis følgje dei reglane som gjeld for karantene og testing, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore så å seie umogleg for utanlandske studentar og elevar å reise inn i Noreg sidan regjeringa innførte strenge innreiserestriksjonar 29. januar 2021. Betra smittesituasjon og at stadig fleire er vaksinerte, gjer det mogleg å lette på innreiserestriksjonane.

– Det er gledeleg at vi no kan opne for utanlandske studentar og elevar, men vi er ikkje i mål endå. Sjølv om det blir letta på innreise, vil dei framleis vere underlagde dei gjeldande reglane for testing, innreiseregistrering, karantene og eventuelt karantenehotell, seier justisminister Monica Mæland (H).

(©NPK)