Det er moglegheiter til å plukke mange bringebær, jordbær og blåbær den kommande tida. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Trøyste og bere som bæra gror

Mykje nedbør og varmt vêr gir gode forutsetningar for ein suksessfull bærsesong i år.

Publisert

Sommarvêret har inntil ganske nyleg late vente på seg. Det er godt nytt for nokon. Nemleg bærplantane som likar nedbør. Det skriv NRK.

I Noreg er det stor skilnad på når bærsesongen startar. I sør og langs kysten byrjar han gjerne i juni, medan i Nord-Noreg er det betre bærtider nærare august.

Bærsesongar som har komme seinare eller hatt dårleg bæravling, er gjerne knytt til skadedyr, lengre tørkeperiodar eller mangelfull pollinering.

– Generelt er det ikkje observert nokon store avvik knytte til dette i år, og derfor er det ingen grunn til å vente ein dårleg bærsesong, fortel Ingrid Indergaard som er marknads- og fagkonsulent i Norges sopp- og nyttevekstforbund i Tromsø.

Nyttevekstansvarleg for avdelinga i Helgeland, Brita Heggli, kan også melde om ein fin bærsesong utover hausten på Helgeland.

– Det er ekstremt frodig her i år på grunn av mykje nedbør, og ein tidleg og varmare vår, forklarer Heggli.

Det har ført til at plantar, buskar og tre har vakse seg ekstra store.

Ein varmare vår og passeleg med nedbørsdøgn har ført til ei tidlegare blomstring på både molter og tyttebær, og det vil bli spesielt mykje av tyttebæra på fjellet. Bringebær og blåbær er også i god rute. (©NPK)

Powered by Labrador CMS