
Gult varsel: Fare for mykje lyn på Nordvestlandet og i Rogaland
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for torevêr med mykje lyn i delar av Rogaland og på delar av Nordvestlandet måndag ettermiddag og kveld.
Meteorologane åtvarar om at lynnedslag kan føra til skadar på bygningar og infrastruktur. Det er òg fare for lokalt vanskelege køyreforhold på grunn av kraftig styrtregn som kan føra til overvatn på vegane.
Farevarselet for Rogaland gjeld frå klokka 14:00 til 20:00, medan for Nordvestlandet gjeld det frå klokka 13:00 til 21:00 måndag 14. juli.
Varselet åtvarar mot:
* Brannfare i bygningar og tørr vegetasjon
* Moglege forstyrringar i straumforsyning og TV/internett
* Fare for skade på elektriske apparat som ikkje er fråkopla
– Me oppmodar folk til å følgja utviklinga av torevêret på yr.no/nb/kart/lyn og ta nødvendige forholdsreglar, seier meteorologen.
Meteorologisk institutt rår befolkninga til å unngå utandørsaktivitetar på utsette område som fjell, vatn eller ope. Dei tilrår å søkja ly innandørs, men åtvarar mot å søkja ly under tre eller opphalda seg i vatn eller små båtar under torevêret. (©NPK)