UP kneip fartssyndarar på rad og rekkje

Utrykkingspolitiet fekk det travelt med å stogge fartsglade bilistar då dei var på plass med laseren i 60-sona på E39 ved Skei onsdag.

Det vart skrive ut ikkje mindre enn 32 forenkla førelegg for høg fart.

Høgste målte fart var 83 km/t. Dette var ein ung mann med prøvetid som fekk seks prikkar og 9.050 kroner i bot.