Fungerande rådmann Jan Kjetil Øygard orienterte om situasjonen i lag med politiet t.v. og brannsjef Runar Kleppe.

Unntakstilstand i kommuneadministrasjonen

- Vi har unntakstilstand, og det vil vi ha lenge, sa fungerande rådmann Jan Kjetil Øygard då han orienterte dei kommunetilsette om brannen på heradshuset.

-Vi fekk fekk sjå ein sterkt rørd rådmann som innleiingsvis rosa brannmannskapa for innsatsen og som hindra at brannen ikkje fekk større konsekvensar enn den faktisk gjorde.

Uviss framtid
-Kva tid vi er tilbake i normalt gjenge på heradshuset, er uråd å seie. Det er mykje som må gjerast før den tid, sa Jan Kjetil Øygard som også nemnde alt som må gjerast av opptørking,utlufting og takseringar før huset kan takast i bruk.
Politiet kunne ikkje seie noko om brannårsak, men er i gang med etterforsking og ventar kriminalteknisk assistanse i morgon.

Må tenkje nytt
-Korleis skal vi no organisere oss? var spørsmålet frå Jan Kjetil Øygard som oppfordra dei tilsette til å tenkje gjennom kvar enkelt sin situasjon og tenkje nye løysingar.
-Vi har mange kommunale bygg rundt om og må først og fremst installere oss der, sa Øygard som også opplyste at sentralbordet og servicetorget vil bli etablert i Trivselshagen.

Arkiva er berga
Kommuneleiinga opplyste at dei kommunale arkiva stort sett er berga, men full oversikt mangla, naturleg nok.
-Vi kjem til å få assistanse frå fylkesarkivet når det gjeld å sjekke arkiva sa ordførar Leidulf Gloppestad. Elles fekk vi høyre at skadane på bygget hovudsakeleg er lokaliserte til vestre halvdel av trede etasje, men at det er vatn ned gjennom trappehuset. Datautstyr og servarar er også stort sett i orden og ingen andre einingar i kommunen vil bli råka kommunikasjonsmessig, fekk vi opplyst.

Pengane i boks
Det er lønningsdag i dag, torsdag, men ifølgje folk vi snakka med i økonomiavdelinga, så kom pengane på konto onsdag, men lønsslippane blir forseinka. Dei kommunetilsette har såleis pengar på konto til Sandane dagane.
Kva konsekvensar brannen vil få for dette arrangementet er uvisst, men noko blir det nok, sidan heradshuset er stengt.
- Vi har fått ein ny attraksjon som vil trekke mykje folk til Sandane i helga, sa Jan Kjetil Øygard med eit lite glimt i auget.

Sikring av bygget
På ettermiddagen torsdag starta taksering og vurdering av skadar, samstundes som det brannskada bygget vart sikra. Det vart også vurdert kva delar av bygget som eventuelt kan takast i bruk att. Sameleis vil det øydelagde taket bli dekka med presenning, og laus takstein vil bli fjerna eller sikra.
Det blir vanskeleg å arbeide i bygget framover under renoveringa, men ting vil gå seg til, sa ordførar Leidulf Gloppestad som også hadde ei innstendig oppfordring til publikum:
-Folk må respektere sperringane og ikkje prøve å ta seg inn i huset, var oppfordringa frå ordføraren som intil vidare vil ha kontor i Trivselshagen i lag med servicetorget.

Heradshuset har alltid spelt ei rolle under Sandane dagane. Slik blir det ikkje i år og huset blir fysisk avsperra.
Grete Tisthamar t.v. og Ann Kristin Bjørnarheim arbeider begge i økonomiavdelinga og kunne forsikre om at folk har fått lønninga si, men at lønsslippane vert forseinka.